Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard er journalist og forfattar. Ho har skrive reportasjebøker, dokumentarbøker, biografiar og romanar.

Av /Samlaget.

Artikkelstart

Sigrun Slapgard er ein norsk journalist og forfattar. Krigstematikk og kvinner i norsk presse- og litteraturhistorie er tema som går igjen i forfattarskapen.

Sigrun Slapgard er fødd i Hemsedal og voks opp i Gudbrandsdalen. Ho vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1980 med fagkrinsen spansk, sosiologi og allmenn litteraturkunnskap. I perioden 1977–1981 arbeidde ho som frilansjournalist. Ho vart tilsett i NRK i 1988, der ho arbeidde som journalist og utanriksmedarbeidar. Ho har vore programleiar i Redaksjon 21, Utanriksmagasinet og Urix, og har redigert TV-dokumentarar frå mellom anna krigssoner i Midtausten. Slapgard nyttar begge målformer.

Reportasjeboka Draumar i krysseld frå 1989 er eit samarbeidsprosjekt med fotograf Aslak Aarhus, der bilete og tekst går opp i ein høgare syntese. Som forarbeid for boka tråla dei rundt i Mellom-Amerika og det sørlege Afrika. Temaet i boka er menneskelagnader under ekstreme livsforhold. I 2002 gav ho ut biografien Krigens penn (2002) om Lise Lindbæk, arkeologen som gjorde krigsjournalistikk til si livsoppgåve og motarbeidde fascismen i Spania. Året etter gav Slapgard ut Krig og løgn, der ho tek opp presseetiske problemstillingar knytte til mediedekninga av Irak-krigen.

Slapgard fekk Melsom-prisen for biografien Krigens penn (2002) og Nynorsk litteraturpris for romanen Englestien (2013).

Utgivingar

  • Draumar i krysseld, samarbeidsprosjekt med fotograf Aslak Aarhus (reportasjebok, 1989)
  • Krigens penn (sakprosa, 2002)
  • Krig og løgn (sakprosa, 2003)
  • Sigrid Undset. Dikterdronningen (sakprosa, 2007)
  • Paradishagen (roman, 2011)
  • Englestien (roman, 2013)
  • Maleren (roman, 2015)
  • Eg har sett jaguaren: latinamerikanske historier (sakprosa, 2018)
  • Eit hemmeleg liv: spesialagent og spaniafrivillig (sakprosa, 2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg