SORCE
Illustrasjon av SORCE i verdensrommet.

SORCE er ein amerikansk satellitt som studerte korleis Sola påverkar Jorda. Det gjorde den ved å måle korleis ozonlaget, atmosfærisk sirkulasjon, skyer og hav vart påvirka av solinnstråling.

Faktaboks

Også kjend som

forkortelse for engelsk Solar Radiation and Climate Experiment

Satellitten vart skrudd av 25. februar 2020, etter 17 år med observasjonar. I løpet av denne tida rakk satellitten å observere sola gjennom delar av to 11-års solsyklar, som hadde minima i 2008 og 2019. På dette tidspunktet kunne eit anna instrument, Total and Spectral Solar Irradiance Sensor (TSIS-1), på Den internasjonale romstasjonen overta ansvaret for slike observasjonar.

Satellitten gjekk opphaveleg i ei bane med høgde på 645 kilometer og ein inklinasjon på 40 grader. Når no satellitten er skrudd av, er den å sjå på som romskrot. Frå denne banehøgda vil satellitten falle tilbake til Jorda i løpet av tida fram mot tidleg 2030-talet, og då brenne opp i atmosfæra.

SORCE vart skoten opp 25. januar 2003. Oppskytningen skjedde med ein flybåren Pegasus XL-bærerakett. Prosjektet var støtta av NASA.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg