Faktaboks

Rune Froestad Fasteland

Rune Fasteland

Fødd
17. desember 1995

Rune Froestad Fasteland er ein profesjonell volleyballspelar frå Øystese. Han er den første nordmannen som har spelt ein finale på det nest høgaste nivået av europacupane. Fasteland spelar for franske Tourcoing Lille Métropole og det norske landslaget.

Karriere

Rune Fasteland starta volleyballkarrieren i Rossvoll Volleyballklubb i Kvam i Hardanger. Han spelte for moderklubben i fem sesongar, fram til han i 2014 melde overgang til eliteklubben Nyborg i Bergen.

I løpet av éin sesong i Nyborg rakk Fasteland å bli norsk serie- og cupmeister.

Hausten 2015 signerte den 204 centimeter høge midtspelaren for Volley Asse-Lennik i Belgia. Der fekk han med seg sigeren i den belgiske supercupen, før han etter éin sesong fekk kontrakt med Dynamo Apeldoorn i Nederland. Opphaldet i Nederland varte i berre eitt år, og så var Fasteland tilbake i Belgia – denne gongen for Par-ky Menen. Også her var hordalendingen i berre eitt år, før toppklubben Knack Volley Roeselare kom på bana sommaren 2018.

Med Knack Volley Roeselare har Rune Fasteland vunne alle dei belgiske titlane. Allereie den første sesongen vart han belgisk cupmeister, og han vann dessutan den belgiske supercupen – og laget klarte å kopiere prestasjonen året etter. I sesongen 2020–2021 kom den første av tre strake titlar i belgisk serie A.

Fasteland og Knack Volley Roeselare spelte seg våren 2023 fram til finalen i den europeiske CEV-cupen, og midtspelaren vart dermed den første nordmannen som har spelt ein finale på nest øvste nivå i Europa. Det belgiske laget slo Modena i den første kampen, men tapte den avgjerande returkampen og fekk sølv i turneringa.

Sommaren 2023 skreiv Fasteland under på ein kontrakt med Tourcoing Lille Métropole i fransk Ligue A.

Merittar

  • Sølv i CEV-cupen (2023)
  • Tre gongar seriemeister i Belgia (2021, 2022 og 2023)
  • Sølv i belgisk Liga A (2019)
  • Sølv i den belgiske cupen (2016 og 2018)
  • Fire gongar belgisk cupmeister (2019, 2020, 2021 og 2023)
  • Fire gull i belgisk supercup (2016, 2019, 2020 og 2023)
  • Bronse i nederlandsk Eredivisie (2017)
  • Sølv i den nederlandske cupen (2017)
  • Norsk serie- og cupmeister (2015)

Klubbar

  • Tourcoing Lille Métropole, Frankrike (2023–)
  • Knack Volley Roeselare, Belgia (2018–2023)
  • Par-ky Menen, Belgia (2017–2018)
  • Draisma Dynamo Apeldoorn, Nederland (2016–2017)
  • Volley Lindemans Asse-Lennik, Belgia (2015–2016)
  • Nyborg VBK (2014–2015)
  • Rossvoll VBK (2009–2014)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg