Faktaboks

Innbyggjartal
1057 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
6165 Roald

Roald er ein tettstad i Giske kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 1057 innbyggjarar (2023).

Roald ligg lengst nordaust på øya Vigra. Staden har fisketilverking og verkstadindustri.

Roald var tidlegare ein eigen kommune. Roald kommune vart oppretta i 1889 ved utskilling frå Haram. Namnet på kommuen vart endra til Vigra i 1911. I 1964 vart Vigra slått samen med Giske kommune.

Namnet kjem av norrønt Róǫld, uvisst opphav. Det er føreslege at førsteleddet kan ha samanheng med norrønt , 'krå, krok' og sisteleddet med latin altus, 'høy'. Dette rimar med at Roald, som opprinneleg er eit gårdsnamn, ligg lengst nord på øya, og er det einaste området på øya med høgder over 100 moh.

Kart

Roald
Roald
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg