Plassering av Kina med naboland rundt, kart

Både Folkerepublikken Kina (det store fastlandsområdet i grønt på kartet) og Republikken Kina (øya Taiwan aust for fastlandsområdet) har «Kina» som del av sitt namn. Republikken Kina blei skipa etter Qingdynastiets fall i 1912, og etablerte seg på øya Taiwan i 1949 etter ein tapt borgarkrig. Folkerepublikken blei skipa i 1949.

Folkerepublikken Kina og Republikken Kina
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Republikken Kina, eller bare ROC, er namnet styremaktene på Taiwan gjev seg sjølv. Nemninga Republikken Kina siktar til det styret som blei etablert i Kina i 1912, etter at Qingdynastiet opphøyrde, og som var det offisielle namnet på Kina frå 1912 til 1949. I 1949 blei Folkerepublikken Kina proklamert på det kinesiske fastlandet, medan styret for Republikken Kina blei flytta til øya Taiwan. Sidan den gongen har begge regjeringar hevda at det er dei som representerer Kina.

Faktaboks

Også kjend som

kinesisk Chung hua Min-kuo

engelsk Republic of China

Historikk

Kuomintang
Republikken Kina blei skipa i 1912 med Kuomintang (Nasjonalistpartiet) som statsberande parti. Ein aukande konflikt mellom nasjonalistar og kommunistar førde til full borgarkrig etter endt japansk okkupasjon i 1945. Nasjonalistane tapte, og flytta regjeringa si til øya Taiwan, medan kommunistane starta ei ny regjering på fastlandet (Folkerepublikken Kina). Sidan den gongen har begge regjeringar hevda at det er dei som representerer Kina. Biletet viser Kuomintang-medlem framfor mausoleet til Sun Yat-sen i Nanjing i 1928. Chiang Kai-shek nr. 3 frå høgre. Bak heng partisymbolet.
Av .

Taiwan var ein del av Kina under Qingdynastiet (1644–1912), inntil øya i 1895 blei teken over av Japan etter krigen mellom Kina og Japan (1894–1895). Etter den japanske okkupasjonen av Kina (1937–1945), måtte Japan gje Taiwan, som hadde vore ein japansk koloni i femti år, tilbake til Kina.

Borgarkrigen mellom dei kinesiske nasjonalistane (Kuomintang) og kommunistane etter den japanske okkupasjonen resulterte i skipinga av Folkerepublikken Kina (1949), rådande over alle deler av Kina med unntak av Taiwan. Nasjonalistane, som tapte borgarkrigen, flykta til Taiwan. Derfrå kunngjorde nasjonalistane at dei representerte den rettmessige regjeringa for heile Kina, rett nok i eksil.

Diplomati

Med USAs hjelp var det fram til 1971 Republikken Kina som representerte Kina i FN (også som fast medlem i Sikkerheitsrådet), og ikkje Folkerepublikken Kina. Frå og med 1971 godkjende FN Folkerepublikken som Kinas rettmessige regjering, medan Republikken Kina ikkje lenger var medlem av FN. Republikken Kina har i dag bare diplomatisk samband med ei handfull småstatar.

Noreg har ikkje hatt diplomatisk samband med Republikken Kina etter at Folkerepublikken blei etablert i 1949, og har hatt fullt diplomatisk samband med denne sidan 1954.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg