Randøy

Randøy er ei øy i Hjelmeland kommune i Rogaland. Øya ligg i Boknafjorden, mellom munningane av fjordarmane Årdalsfjorden og Jøsenfjorden.

Øya er relativt flat i sør, og meir berglendt og skogkledd i dei sentrale og nordlege stroka (Randåsen, 373 meter over havet). Øya er kjend for den rike floraen sin. Det blir drive noko fiskeoppdrett på øya.

Randøy har brusamband med fastlandet over Ølesundet (fylkesveg 4680). Øya har anløp av hurtigbåtsambandet mellom Hjelmelandsvågen og Stavanger.

Namnet kjem av norrønt rǫnd, 'rand', om ein låg brem langs stranda.

Kart

Randøy
Randøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg