Faktaboks

Peter Hersleb Graah Birkeland
Fødd
14. januar 1807, Borgund
Død
5. januar 1896, Kristiania (Oslo)
Peter Birkeland
Foto frå omkring 1870.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Peter Hersleb Graah Birkeland var ein norsk geistleg. Han tok teologisk embetseksamen i 1832, var sokneprest i Fosnes frå 1833 og samstundes prost i Namdalen frå 1837. Han var prest ved tukthuset og slaveriet i Bergen frå 1841, sokneprest i Hetland frå 1849 og i Korskirken i Bergen frå 1858. Birkeland var stiftsprost i Bergen frå 1861 før han i 1864 blei biskop i Bergen stift. Han tok avskil i 1881.

Under Birkeland blei 81 kyrkjer innvigd i Bergens stift. Han var misjonsvenn og i fleire år på 1850-talet formann i hovudstyret til Det Norske Misjonsselskap. Vidare var han talsmann for kyrkjelege reformer, mellom anna større sjølvstende for kyrkja og presteskapet.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Peter Hersleb Graah Birkeland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052295015034

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg