Per Juvkam, norsk teolog og biskop. Han vart cand.theol. ved Det teologiske menighetsfakultet i 1936 og ordinert i 1937. Han var hjelpeprest i Sør-Aurdal i 1937 og i Vestre Toten frå 1938, fullmektig ved Hamar bispekontor frå 1945 og stiftskapellan i same bispedømme frå 1947. Han var sokneprest i Vestre Slidre frå 1950, residerande kapellan i Sinsen, Oslo frå 1957 og biskop i Bjørgvin frå 1961–77.

Juvkam var formann i Den norske presteforening i 1960–62 og i Det frivillige kirkeråd i 1961–65. Han var medlem av Kyrkje–stat-kommisjonen av 1971 og formann i høyringsutvalet for Norsk Salmebok 1985.

Juvkam gav ut mellom anna eit register i kyrkjerett (1956), preikesamlinga Høgtidsdagar i Bjørgvin (1977) og Folkekirken – visjon og virkelighet (1980). Han redigerte jubileumsskriftet Bjørgvin bispestol. Byen og bispedømmet (1970), og tok del i arbeidet med 1978-utgåva av den nynorske bibelomsetjinga og den nynorske høgmesseliturgien som vart innført i 1977. Etter oppdrag frå Bispemøtet arbeidde han ut Bønneboken med bønner og liturgier for Den norske kirke (1991). 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.