Peder Hovdan

Faktaboks

Peder Hovdan

Peder Elenus Sivertsen

Født
28. mai 1874, Hemne, Sør-Trøndelag
Død
9. november 1965
Peder Hovdan
Av /Norsk allkunnebok.

Artikkelstart

Peder Hovdan var ein norsk lærar og kulturhistorikar.

Han tok i 1915 etternamnet Hovdan etter mora. Han gjekk på Levanger lærarskule 1896, og var lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899-1940.

Frå 1908 til ut i 1950-åra dreiv han nitid dokumentasjon av utbreiinga av nynorsk i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Særleg kjent vart han for målkarta sine som han gav ut i 1908, 1920 og 1948, der nynorskbrukande kommunar var farga raude. All informasjon skreiv han inn i ein stor protokoll som no finst i Aasentunet.

Han var æresmedlem i Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.

Kart over upplæringsmålet i folkeskulen
Av /Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg