Nynorsk Antikvariat

Artikkelstart

Nynorsk Antikvariat er eit antikvariat i Tvedestrand. Nynorsk Antikvariat er det antikvariatet som har det nest største utvalet av bøker i landet.

Nynorsk Antikvariat vart grunnlagt i 1989 av Arne-Ivar Kjerland og Kjell Arve Straumsvåg, som begge var tilsette i avisa Dag og Tid. Frå skipinga var ny og gamal nynorsklitteratur det viktigaste satsingsområdet, men dei tilbyr i dag bøker om alle emneområde og er spesielt sterke på pedagogikk og skulehistorie. Den første katalogen deira inneheldt 750 titlar og vart send ut jonsokaftan 1989. Frå 2009 har dei i hovudsak distribuert digitale katalogar, og sidan 1998 har dei selt bøker frå eigen nettstad og frå det nordiske prosjektet Antikvariat.net.

Dei to første åra var selskapet eit ansvarleg selskap, men i 1991 vart det eit aksjeselskap. Aksjekapitalen er seinare utvida to gonger.

Antikvariatet fekk ikkje butikklokale før i 1996, då Den norske bokbyen i Fjærland vart opna. Nynorsk Antikvariat hadde der den største butikken, som dei to første åra vart driven i økonomisk samarbeid med Det Norske Samlaget. I 2003 vart Bokbyen ved Skagerrak etablert i Tvedestrand, med to utsal eigde av Nynorsk Antikvariat. Både i Fjærland og Tvedestrand har antikvariata arrangert førelesingar og andre litteraturprogram.

Kjerland slutta i Dag og Tid i 2004, og han vart eineeigar av antikvariatet same året. I 2005 kjøpte Straumsvåg butikken i Fjærland, der han driv K.A. Straumsvågs Antikvariat. Dei to butikkane Nynorsk Antikvariat åtte i Tvedestrand, vart i 2006 slått saman til eit utsal som fekk namnet Skagerrak Antikvariat, og som strekkjer seg over tre etasjar. Kjerland driv i dag butikken i Tvedestrand.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg