Morkinskinna

En side fra manuskriptet Morkinskinna, GKS 1009 fol.

Morkinskinna er eit islandsk handskrift som inneheld soger om dei norske kongane frå Magnus den gode (1035). Slutten er ikkje bevart, og teksten sluttar ved 1157. Det er grunn til å tru at teksten har gått fram til 1177, fram til handlinga i Sverressoga byrjar.

Faktaboks

Etymologi

norrønt, «den morkne skinnboka», i motsetning til Fagrskinna

Også kjent som

Morkenskinna

Handskriftet kan tidfestast til andre halvparten av 1200-talet, men teksten er avskrift av ein original som må vere skriven i løpet av dei første par tiåra av 1200-talet. Verket byggjer dels på eldre skriftlege kjelder, som Hryggjarstykki, og dels på skaldedikt og islandsk munnleg tradisjon. Framstillinga er livfull og morosam, særleg i dei mange små forteljingane – tåttane.

Morkinskinna ser ut til å ha vore brukt som kjelde både til Fagrskinna og av Snorre i Heimskringla.

Morkinskinna har arkivsignatur GkS 1009 fol. frå Gammel kongelig Samling (GkS) ved Det kongelige Bibliotek i København, der handskriftet er oppbevart. Forkortelsen «fol.» tyder at handskriftet er ei bok i folioformat.

Den norrøne teksten i Morkinskinna er utgjeven fleire gonger, sist av Ármann Jakobsson i serien Íslenzk fornrit (2011). Morkinskinna er omsett til norsk ved Kåre Flokenes (2001).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg