Faktaboks

Innbyggjartal
320 (SSB, 2023)
Landareal
0,24 km²
Tettstadsnummer
5353 Misje

Misje er ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,24 km², og har 320 innbyggjarar (2023).

Misje ligg på austsida av øya av same namn, skilt ved Sollsviksundet frå Sotra i sør og ved Svelgen frå Toftøyna i nord. Misjesundet like aust for tettstaden er danna av ei rekkje av ubebodde småøyar, til dels bunde saman av moloar. Denne gjev tettstaden ein god, skjerma hamn.

Over øya Misje, vest for tettstaden, går fylkesveg 561 mellom riksveg 555 på Sotra og StureterminalenAlvøyna.

Kart

Misje
Misje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg