Faktaboks

Mary Russell Mitford
Fødd
16. desember 1787, Alresford, Hampshire, England
Død
10. januar 1855, Swallowfield, Berkshire, England
Verke
Forfattar
Mary Russel Mitford
Samtidig maleri, National Portrait Gallery, London
Av .

Mary Russell Mitford var ein engelsk forfattar som levde samtidig med Jane Austen, og er mest kjent for sine landsbyforteljingar (Our Village), sjølv om ho også var dramatikar.

Frå rikdom til pengesut

Som forfattar var Mary kjent som 'Miss Mitford', og ho gifta seg aldri, men levde saman med foreldra og spedde på familie-inntektene med å skrive. Som barn hadde ho vunne ein stor pengepremie i eit lotteri, og familien levde som velståande eit par tiår, før dei var tilbake til vanlege inntekter, og no avhengige av Mary sine forfattarhonorar.

Fiksjon meir lønnsomt enn dikt og drama

Sketch of Mary Russel Mitford, the Author of Our Village
Illustrasjon frå 1883

Mitford ville eigentleg bli poet, og første boka var ei samling med 'diverse vers' (Miscellaneous Verses, 1810), følgd åra etter av fleire narrative dikt (verseforteljingar). Ho var også fascinert av teateret, og ville skrive dramatikk. På 1820-talet forfatta ho fleire stykke som blei oppført på teaterscener i London.

Men det låg sikrare og større inntekter i fiksjonsprosa. Ho hadde skrive dei første landsbyforteljingane i bladet The Lady's Magazine i 1819, og no følgde ein serie på fem bind av Our Village utover 1820-talet. Ho skreiv også ein liknande serie tiåret etter.

Tidleg norsk versjon

Desse humoristiske skissene av landsbylivet blei svært populære, og spreidde seg også til andre land. På norsk (eller dansk) kunne ein lese henne så tidleg som 1861, då omsetjaren J.R. Dein gav ut Engelske og amerikanske landsbyhistorier, der Mitfords forteljingar var kobla saman med tekstar av Alice Carey.

Mitford og Austen

Dei to forfattarane Mary Russell Mitford og Jane Austen var begge frå Hampshire, og det var berre eit par mil mellom dei. Dei kunne ha kjent kvarandre, men gjorde det ikkje. Men dei visste godt om kvarandre, og Mitford si mor kjende familien Austen. Mitford var på dagen tolv år yngre enn Jane Austen, og levde mykje lenger.

Mitford var ein ivrig og underhaldande brevskrivar, og etterlet seg rundt 2 000 brev som framleis kan lesast. I 2021 dukka det opp eit hittil ukjent brev frå 1833 der ho takkar ein kjær ven for å ha sendt henne Austens samla verk, som kom ut nett det året. Omsett til norsk skriv ho:

'... lat meg takke hjarteleg og inderleg for denne storarta gåva, frøken Austens verk, som eg set dobbel pris på, både for di skuld og for verket sjølv. Denne utgåva er veldig vakker, og det er herleg å kunne ha i sitt eige heile det samla verket av denne favoritt-forfattaren ...'

(Brevet er eigd av Chawton House, Hampshire).

Austen levde ikkje sjølv lenge nok til å sjå denne praktutgåva, men hennar kollega frå Hampshire sette tydelegvis stor pris henne.

Ein annan forfattar Mitford etter kvart fekk eit nært tilhøve til var diktaren Elizabeth Barrett Browning, og dei to utveksla mange brev som også seinare er blitt utgitt i bokform.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Beshero-Bondar, Elisa og Elizabeth Raisanen (2017) 'Recovering from Collective Memory Loss: The Digital Mitford Feminist Project', Women's History Review, Vol. 26(5), 738-750.
  • Halsey, Katie (2011) '"Tell me of some booklings": Mary Russell Mitford's Female Literary Networks', Women's Writing, Vol.18(1), 121-136.
  • McDonagh, Josephine (2013) 'Rethinking Provincialism in Mid-Nineteenth-Century Fiction: Our Village to Villette', Victorian Studies, Vol.55(3), 399-424.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg