Marie Aubert

Marie Aubert er ein norsk forfattar som debuterte med novellesamlinga Kan jeg bli med deg hjem i 2016, og som i 2019 kom med romanen Voksne mennesker. Novellesamlinga var skildra av Dagsavisens meldar som årets beste debut, og var på lista over "årets beste bøker" i fleire aviser i 2016. Romanen blei solgt til fleire land før utgjevnad.

Bakgrunn

Aubert har utdanning og arbeidserfaring som journalist, og har jobba som kulturjournalist, mellom anna for Aftenposten, Bergens Tidende, Dagbladet og Dagsavisen. Ho jobbar som informasjonsrådgjevar i Kagge Forlag.

Forfattarskap

Trass i at Auberts forfattarskap er ganske lite i omfang, er det overtydande: Ein har å gjere med ein stilsikker forfattar med ei som allereie har funne røysta si. I enkel stil og gjerne gjennom nesten naivistiske røyster, skriv Aubert om kompliserte tema og kjensler. Det handlar ofte om kjærleiken og fråveret av kjærleiken, om forhold og om det å ville og ikkje ville fylle sosiale roller. Røystene hugsar ofte barnet i seg. Den poetiske motstanden oppstår ofte når desse røystene skildrar vaksne kjensler, og når dei reflekterer over det «ulovlege» for vaksne å kjenne det slik.

Voksne mennesker, ei bok som Aubert fekk Ungdommens kritikerpris 2019 for, skreiv seg inn den såkalte barselsbølga av litteratur frå slutten av titalet. Tiddskriftet Vagants essayist Kristin Vego oppsummerte tematikken som fertilitetssjalusi. Auberts bok omhandlar rett nok ikkje barsel, snarare tvert imot, og står ut i den litterære trenden. Hovudpersonen i Voksne mennesker er ei singel kvinne som nærar seg førti år og som skjønner at tida er i ferd med å gå ifrå henne. Romanen er eit slags kammerspel over nokre intense dagar med familien på ei lita hytte, med mellom andre hovudpersonens gravide søster.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevnadar

  • 2016: Kan jeg bli med deg hjem, Oktober
  • 2019: Voksne mennesker, roman, Oktober

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dagsavisen «Dette er årets beste bøker». 13/12- 2016.
  • Vego, Kristin «Fritilitetssjalusi». Vagant, 21/1-2020

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg