Faktaboks

Lustrafjorden
Lusterfjorden
Lustrafjorden
Lustrafjorden.

Lustrafjorden er ein fjord i Luster kommune i Vestland fylke. Fjorden er den inste, nordgåande armen av Sognefjorden og er 43 kilometer lang.

Den ytre delen av Lustrafjorden er vel to kilometer brei og går rett mot nord, innanfor Urnes mot nordaust. Austbreidda av fjorden er jamt over brattast, og her er fjella høgast. Vestbreidda har fleire stader opne bygder med gode vilkår for jordbruk og busetjing, slik som Solvorn, Marifjøra, Gaupne (ved Gaupnefjorden, ein kort arm mot nordvest) og Dale (Fortun kyrkjestad). Den indre delen av fjorden er smalare, innanfor Dale ein kilometer brei.

Langs fjorden er det stor frukt- og bærdyrking. Riksveg 55 Vadheim–Lom går langs vestbreidda av fjorden. Sognefjordens største lengd på 205 kilometer er målt langs Lustrafjorden frå Ytre Sula til Skjolden.

Fortunsvassdraget og Mørkrisdalselva munnar ut ved Skjolden inst i Lustrafjorden.

Kart

Lustrafjorden
Lustrafjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg