Skjolden
Skjolden ligg inst i Lustrafjorden.

Skjolden er ei bygd i Luster kommune i Vestland fylke.

Faktaboks

Etymologi
bestemt form av ‘skjold’

Skjolden ligg ved botnen av Lustrafjorden, som er inste arm av Sognefjorden. Skjolden er ein kjend turiststad med hotell, som årleg har anløp av mange cruiseskip. Soknefjellvegen riksveg 55 kjem ned til fjorden ved Skjolden. Her munnar Mørkrisdalselva og Fortundalselva ut.

Filosofen Ludwig Wittgenstein bygde ei hytte i Skjolden i 1914, som seinare vart flytta nærare tettstaden og ombygd i 1957. Huset over Eidsvatnet vart i 2018 rehabilitert slik det stod då Wittgenstein budd der. Ved Eidsvatnet står ei minnetavle over Wittgenstein.

Kart

Skjolden
Skjolden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg