Faktaboks

Laban
Uttale
lˈaban
Jakob og Laban

Jakob snakker med Laban. Illustrasjon fra «Bible Pictures and What They Teach Us» av Charles Foster (1897).

Av .

Laban er ein skikkelse i Mosebøkene i Den hebraiske bibel (Det gamle testamentet). Han er patriarken Jakobs svigerfar, bror av Rebekka og far til Lea og Rakel. Ifølgje Bibelens forteljingar er Laban ein lur, gjerrig og uærleg person.

Som skjellsord

Laban blir ofte brukt som skjellsord, nærast synonymt med slamp eller slubbert. Det synest rimeleg at namnet lett kunne bli brukt som skjellsord fordi Laban blir framstilt som uærleg i Bibelens forteljingar. Opphavet til uttrykket finst likevel i platt-tysk; det har mange skjellsord for lømmel, bengel og liknande, som på grunn av lydlikskap blei blanda saman med namnet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg