Faktaboks

Kristján frá Djúpalæk
Kristján Einarsson frá Djúpalæk
Fødd
16. juli 1916, Djúpalækur i Langanesbyggð
Død
15. april 1994, Akureyri, Island

Kristján frá Djúpalæk var ein islandsk lyrikar. Han arbeidde som bonde, arbeidar, lærar, redaktør og litteraturkritikar.

Kristján debuterte i 1943 med diktsamlinga Frá nyrztu ströndum (Frå dei nørdste strender), og gav sidan ut ei rekkje diktsamlingar.

I form og motivval følgde han tradisjonelle mønster, men vart noko meir eksperimentell i dei seinare samlingane sine, til dømes i Fljúgandi myrkur (1981, Flygande mørker). Han forfatta også ei rekkje populære visetekster og omsette blant anna visene til Thorbjørn Egner.

Kristján frá Djúpalæk er representert i norsk gjendikting ved Ivar Orgland i antologien Islandske dikt frå vårt hundreår.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Orgland, Ivar (oms.) 1975. Islandske dikt frå vårt hundreår. Oslo: Fonna.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg