Faktaboks

Kristin Stoltenberg
Fødd
14. juli 1969, Harstad

Kristin Stoltenberg er ein norsk medieleiar som frå 2023 er sjefredaktør og administrerande direktør (landsjef) i Watch Media Norway. Selskapet er eigd av JP/Politikens Hus i Danmark.

Stoltenberg starta journalistkarrieren i Vårt Land i 1992–1994. Frå 1995 til 2016 hadde ho ulike redaksjonelle stillingar i Aftenposten og Schibsted, frå 1995 til 2005 som journalist og reportasjeleiar, frå 2005 til 2011 som journalist i A-Magasinet, og frå 2011 til 2012 som nyheitsleiar i Aftenposten. Stoltenberg var redaktør i Schibsted-konsernet frå 2013 til 2016.

Ho arbeidde som kommunikasjonsrådgjevar og redaktør i SOS-Barnebyer Norge i perioden 2016–2019. Frå 2019 til 2022 var Kristin Stoltenberg sjefredaktør i Nordstrands Blad. Ho var frå 2022 til 2023 sjefredaktør og dagleg leiar i Avisa Oslo.

Kristin Stoltenberg tok eksamen i journalistikk ved MRDH Volda i 1992 og har historie grunnfag frå Universitetet i Oslo 1993.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg