Faktaboks

Kari Mangrud Alvsvåg
Fødd
31. juli 1970, Lørenskog
Kari Mangrud Alvsvåg
/Den norske kirke.
Lisens: CC BY 2.0

Kari Mangrud Alvsvåg er ein norsk teolog og biskop. Sidan 2022 har ho vore biskop i Borg bispedømme.

Utdanning

Alvsvåg voks opp på Indremisjonens jordbruksskole Tomb i Råde (Østfold). Ho er utdanna cand.theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1998, og blei ordinert i 1999.

Karriere

Alvsvåg var sjømannsprest i Dubai frå 1999 til 2002, lektor og sosialfagleg rådgjevar kombinert med teneste som prostiprest i Vestre Borgesyssel prosti i åra 2002–2007 og vikar for kapellanen i Moss frå 2008 til 2009. Ho var seniorrådgjevar med ansvar for trusopplæring hos biskopen i Borg frå 2009, prost i Søndre Borgesyssel prosti (Sarpsborg) frå 2012 og domprost i Fredrikstad Domprosti frå 2020 til ho blei tilsett som biskop i februar 2022.

Kari Mangrud Alvsvåg har mellom anna engasjert seg i dialogarbeid mellom muslimske og kristne trussamfunn.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg