Jorunn Veiteberg

Faktaboks

Jorunn Veiteberg
Født
23. juli 1955, Stord

Artikkelstart

Jorunn Veiteberg er kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Ho har vore spesielt oppteken av reklame, plakatar og kunsthandverk.

Ho var professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2002–2015 og jobbar som frilansskribent og -kurator. Veiteberg har vore redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk (1998–2007), har kuratert ei rekkje utstillingar i inn- og utland og har hatt verv i ulike styre, komitear og juryar.

Av publikasjonar må nemnast doktoravhandlinga frå 2000 om norske plakatar i historisk perspektiv og debattboka Kunsthandverk frå 2005 om kunsthandverket si utvikling og stilling i dag. Boka finst òg i engelsk utgåve, Craft in transition. Utviklinga av kunsthandverk frå å vere bruksting til skulptur, er noko Veiteberg lenge har vore oppteken av. I artikkelen «To use and being used by language» (2005) samanliknar ho denne utviklinga med utviklinga av nynorsk, og tek mellom anna utgangspunkt i eigne erfaringar som nynorskbrukar.

Veiteberg vart tildelt Norsk Forms Hederspris i 2010 og Norske Kunsthåndverkere sin ærespris i 2013. I 2015 vart ho kåra til Årets nynorskbrukar for bruken av nynorsk innan kunstfeltet.

Frå 2016 er Jorunn Veiteberg medlem av Kulturrådet.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg