Kari Veiteberg er ein norsk teolog og prest. Ho var vore biskop i Oslo bispedømme siden desember 2017.
Kari Veiteberg
Faktaboks
Kari Veiteberg
- født:
- 4. februar 1961, Stord

Foto fra 2017.
Av
Hege Flo Øfstaas/Bispemøtet/Den norske kirke.
Lisens:
Falt i det fri (Public domain)
Utdanning
Ho er utdanna cand.theol. ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, i 1988. I 2006 vart ho dr.theol. same stad med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.
Karriere
Veiteberg var vikarprest i Oslo i 1991, kapellan i Tempe kyrkjelyd, Trondheim, frå 1992, stipendiat ved Det praktisk-teologiske seminar i Oslo frå 1995 og bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken i Oslo frå 2000. Ho var studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim frå 2009, gateprest i Kirkens Bymisjon Bergen frå 2013 og bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken frå 2014.
Bøker
Kari Veiteberg har gjeve ut fleire bøker, mellom anna Bibelens kvinner (1995), Evas Døtrer. Om kvinnene i Bibelen (2001) og Jacob Jervell. Et portrett (2013).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.