Jordbrukeren

Jordbrugeren logo
Jordbrugeren.
Lisens: Gjengitt med tillatelse

Erik Lerheim (1859–1950) var ein driftig odelsbonde på Lerheim vestfor Åndalsnes. I ungdommen tok han latinskulen i Molde, og han tok også gymnaset i Christiania, utan å avleggje eksamen. Der fekk Lerheim vekt interessa for politikk og samfunnsspørsmål. I åra 1899 til 1926 utgav og redigerte han avisa Jordbrugeren, som var ei av dei første bonde(parti) avisene i landet. Lerheim hadde ein god og kvass penn, som han nytta flittig til å kjempe for «Jordbrugerstanden» sine interesser. Han las også utanlandske aviser og skreiv artiklar om hendingar utanriks (t.d. Boerkrigen). I åra 1912–27 utgav han også den upolitiske vekeavisa « Romsdal», som særskilt skulle «ivareta stedet og distriktets interesser».

Erik Lerheim
Jordbrugeren.

Jordbrugeren var ei av dei første avisene i landet som støtta bonderørsla. Avisa kom ut med sitt første ordinære nummer 5. april 1899, berre få år etter at Landmandsforbundet (seinare Norges bondelag) blei skipa. Den allsidige Erik Lerheim var både utgivar og redaktør. Han var bonde på garden Lerheim i det som no heiter Eidsbygda, vel ei mil vest frå Åndalsnes, der Lerheim også dreiv «Hotel Lerem». Avisa blei redigert heime på garden og trykt i Molde, der ho kom ut kvar onsdag. Jordbrugeren skulle «arbeide for Jordbrugernes Sammenslutning til Bondestandens Udvikling i materiel og aandelig Henseende samt søge athæve Bondestanden i Agtelse og Respekt saavel i egne som i andres Øine».

Erik Lerheim kasta seg gladeleg ut i polemikkar med andre aviser, særlegden arge konkurrenten Romsdals Budstikke i Molde. Etter to månader kunne Lerheim skryte av å ha fått «vel 1000 Abonnenterpaa Landsbygden». Talet på medarbeidarar og «abonnentsamlere» rundtom i distriktet auka også. Avisa inneheldt ikkje berre stoff om jordbruket og andre «Næringsveie», men også om nasjonale og internasjonale saker.

I 1900 fekk Lerheim installert sitt eige trykkeri på garden. Avisa kom no ut to gonger i veka, og Lerheim skreiv at avisa hans no var det beste«Avertissementsblad» i fogderiet Romsdalen. Han hadde ambisjonar om at Jordbrugeren skulle «omspende hele Romsdals Amts Land distrikter», og hadde tingarar på Nordmøre og Sunnmøre. Ifølgje avisa sjølv steig opplaget til 1600 mot slutten av året 1900. Avisa heldt likevel fram med å vere hovudsakleg for det næraste distriktet rundt utgjevarstaden.

I 1905 flytte Lerheim avisa til tettstaden Åndalsnes, samstundes som han heldt fram med gardsdrifta. Ved unionsoppløysinga markerte Lerheim seg som republikanar, men kravde at kongen skulle vere norsk dersom kongedøme skulle bli styreforma.

Jordbrugeren dreiv valkamp for Bondepartiet etter at partiet blei etablert i 1920. Nokre formelle band synest det likevel ikkje å ha vore mellom avis og parti.

I 1925 blei namnet på avisa fornorska til « Jordbrukeren». Året etter fekk ho ein lokal konkurrent, Åndalsnes Avis. Konkurransen må ha forsterka dei problema avisa då sleit med. Utstyret var nedslite og gammaldags, og avisa hadde ikkje råd til tekniske forandringar. Siste nummer av Jordbrukeren kom 29. desember same året.

Fakta

  • Fyrste nummer 5.4.1899, fyrste redaktør Erik Lerheim.
  • Siste nr. 29.12.1926.

Kjelde

Artikkelen er hentet fra Norske aviser fra A til Å, som er bind 4 i Norsk presses historie 1-4. Bindredaktør: Idar Flo. Hovedredaktør: Hans Fredrik Dahl. Utgitt på Universitetsforlaget, 2010.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg