Jendine er eit nylaga kvinnenamn (1827). Her kan Jen- gå tilbake til til dømes Jenny, og -dine finst som suffiksvariant i nokre namn, til dømes Jon-dine av Jon.

Med stavemåten Gjendine er det innsjøen Gjende i Jotunheimen som ligg til grunn for namnet, og Gjendine Slålien (1871–1972) var oppkalla etter Gjende. Edvard Grieg vart inspirert av folkemelodiane hennnar.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Jendine Henriksdatter fødd 1827 i Tromsøysund (Troms), busett i Balsfjord i 1865.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Jendine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Jendine i perioden 1900–2017, var det 89 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Jendine. Dette inneber at 11 prosent hadde Jendine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg