Faktaboks

Jón Kalman Stefánsson
Fødd
17. desember 1963
Jón Kalman Stefánsson
Jón Kalman Stefánsson i 2015.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Jón Kalman Stefánsson er ein islandsk forfattar, kritikar og omsetjar. Jón Kálmán debuterte med diktsamlinga Með byssuleyfi á eilífðina (Med våpenløyve mot æva, 1988), og har forutan dikt gitt ut noveller og romanar.

Gjennombrotsboka Sumarljós, og svo kemur nóttin (norsk tittel: Sommerlys. Og så kommer natten) frå 2005 er ei samling integrerte noveller og fragment, eventuelt ein laust komponert roman, som går føre seg i eit fiskevær på Vest-Island. For denne boka fekk Stefánsson den islandske litteraturprisen i 2005. Dei mest anerkjende bøkene hans, særleg dei tre frå åra 2007–2011, som utgjer ein trilogi, er historiske romanar frå fiskeria rundt førre hundreårsskifte og handlar om evig aktuelle eksistensielle livsvilkår i ein barsk natur intensivt fortalt i ein suggestiv lyrisk stil. Trilogien er gitt ut i norsk omsetjing under titlane Himmelrike og helvete (2010), Englenes sorg (2011) og Menneskets hjerte (2013), og dessutan i samla pocketutgåve, Gutten (2015). Fiskarnir hafa enga fætur («Fiskane har ingen føter», 2013) og Eitthvað á stærð við alheiminn (Omtrent på storleik med universet, 2015) er ei todelt slektskrønike over tre generasjonar. Krønika dreier seg mellom anna om den samfunnsmessige og individualpersonlege innverknaden Keflavík-basen hadde i Island i etterkrigstida.

Stefánsson opparbeidde seg etter kvart ei stor stjerne hos norske kritikarar, med nærast panegyriske meldingar. Om Sommerlys. Og så kommer natten (2017) skildra den erfarne bokmeldaren og forfattaren Fartein Horgar boka som «den vakreste romanen jeg har lest». Då den norske omsetjinga av Historien om Ásta kom på norsk, utbraut årets kritikar 2019, Cathrine Krøger, at Stefánsson var yndlingsforfattaren hennar. Ho skildra romanen som «gjennomgripende rå og vakker, poetisk og erotisk, full av lidenskap, ømhet og desperat og umulig kjærlighet».

Eit av dei norske førebileta hans er Knut Hamsun. Stefánsson har sjølv omsett Hamsuns roman Sværmere (1904) til islandsk. På same måte som Hamsun og andre av Stefánssons favorittar, som Herman Melville, Javier Marías, José Saramago og Herta Müller, er Stefánsson poet i prosaen sin. Det kjem til uttrykk i bruken av subtile poetiske verkemiddel og stilblanding for å fornya uttrykkskrafta i språket og utvida assosiasjonsfylden i det. Stefánsson var kandidat til Nordisk råds litteraturpris i 2001, 2004, 2007 og 2015.

Verk

Romanar

  • Skurðir í rigningu («Grøfter i regn») 1996
  • Sumarið bakvið Brekkuna («Sommaren bak Bakken») 1997
  • Birtan á fjöllunum («Lyset på fjella») 1999
  • Ýmislegt um risafurur og tímann («Forskjellig om kjempefuruer og tida») 2001
  • Snarkið í stjörnunum («Sprakinga i stjernene») 2003
  • Sumarljós og svo kemur nóttin (Sommerlys. Og så kommer natten) 2005
  • Himnaríki og helvíti (Himmelrike og helvete) 2007
  • Harmur englanna (Englenes sorg) 2009
  • Hjarta mannsins (Menneskets hjerte) 2011
  • Fiskarnir hafa enga fætur (Fiskane har ingen føter) 2013
  • Eitthvað á stærð við alheiminn («Omtrent på storleik med universet») 2015
  • Saga Ástu (Historien om Ásta) 2019

Diktsamlingar

  • Með byssuleyfi á eilífðina («Med våpenløyve mot æva») 1988
  • Úr þotuhreyflum guða («Frå jetmotorane til gudane») 1989
  • Hún spurði hvað ég tæki með mér á eyðieyju («Ho spurde kva eg ville ta meg med til ei aude øy») 1993

Omsetjing frå norsk

  • Knut Hamsun: Loftskeytamaðurinn («Telegrafisten», Sværmere, 1904). Reykjavík: Uppheimar 2007

Prisar

  • den islandske litteraturprisen 2005 for Sumarljós og svo kemur nóttin
  • den islandske bokhandlerprisen 2007 for Himnaríki og helvíti
  • den islandske bokhandlerprisen 2011 for Hjarta mannsins
  • Per Olof Enquists pris 2011 for Himmelrike og helvete-bøkene
  • Grinzane Bottari Lattes pris 2012 for Himmelrike og helvete-bøkene

Norske omsetjingar

  • Himmelrike og helvete. Oslo: Forlaget Press 2010. Omsett av Tone Myklebost.
  • Englenes sorg. Oslo: Forlaget Press 2011. Omsett av Tone Myklebost. Også gitt ut som e-bok.
  • Menneskets hjerte. Oslo: Forlaget Press 2013. Omsett av Tone Myklebost. Også gitt ut som e-bok.
  • Gutten. Oslo: Forlaget Press 2015. Omsett av Tone Myklebost. Pocket.
  • Fiskene har ingen føtter: en slektsfortelling. Oslo: Forlaget Press 2015. Omsett av Tone Myklebost. Også gitt ut som e-bok.
  • Sommerlys. Og så kommer natten.Oslo: Forlaget Press 2017. Omsett av Tone Myklebost. Også som pocket.
  • Historien om Ásta. Oslo: Forlaget Press 2019. Omsett av Tone Myklebost. Også som pocket.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg