Hillsborough-tragedien var ei ulykke som hende på Hillsborough stadion i Sheffield i Storbritannia under semifinalen i FA-cupen mellom Nottingham Forest og Liverpool 15. april 1989. 97 menneske mista livet i trengselen då for mange menneske vart sloppe inn på tribunane. Ulykka er rekna som den verste i europeisk fotball.

Bakgrunn

I løpet av 1970- og 1980-talet hadde engelsk fotball vore prega av mykje vald og såkalla «hooliganisme». Mellom anna døydde 39 menneske under Heysel-tragedien i 1985, under serievinnarcup-finalen mellom Liverpool og Juventus. Som ei fylgje av valden i åra før, vart det montert gjerde mellom tribunane og banen på dei fleste engelske fotballarenaer.

Tragedien

Ein fotballsupportar sit blant øydelagde gjerde på Hillsborough stadion i Sheffield 15. april 1989.
AP.

Før kampen mellom Liverpool og Nottingham Forest var mange supporterar samla utanfor stadion, sidan det tok lang tid å sleppe alle inn. Politimannen David Duckenfield gav ordre om å opne opp ein ekstra port for å dempe trykket på supporterane utanfor. I staden førte dette til at alt for mange menneske slapp inn på tribunar dei ikkje skulle vere på. Det vart no òg eit enormt press inne på stadion, både inne i folkemengda, og blant dei som vart pressa opp mot gjerdet nær banen.

Kampen vart stoppa etter fem minutt, då tilskodarar byrja å klatre over gjerdet og inn på banen. Men langt frå alle rakk å gjere dette, og mange blei kvelte av oksygenmangel, medan andre døydde etter at eit gjerde gav etter og mange menneske fall oppå kvarandre.

Fleire enn 700 personar vart skadde i ulykka. 94 menneske døydde den dagen, og seinare døydde tre til som følgje av skadane dei hadde fått.

Ansvar og avisa The Sun

I dagane og vekene etter tragedien prøvde South Yorkshire Police å leggje skulda for hendinga på Liverpool-supporterane. Dei hevda at ein stor del av supporterane hadde drukke for mykje alkohol, og at dei pressa seg gjennom porten og inn på stadion.

Fire dagar etter Hillsborough-tragedien skreiv The Sun, den største avisa i Storbritannia, at grupper av Liverpool-tilhengjarar hadde stole ting frå dei døde kameratane sine og angripe politi som dreiv førstehjelp inne på stadion. Framsida til avisa fekk tittelen «The Truth» (Sanninga). Desse påstandane har i ettertid vist seg å vere løgn. The Sun vart boikotta av aviskioskar og lesarar i Liverpool etter publiseringa og blir det framleis den dag i dag.

Kelvin MacKenzie, som var redaktør, og som lenge stod inne for alt som vart skrive, ringde Liverpool sin trenar Kenny Dalglish for å høyre kva han kunne gjere for å rette opp i situasjonen og få eit godt forhold til Liverpool FC og innbyggjarane i byen. Dalglish svarte at avisa måtte lage ei framside med tittelen «The Lie» (Løgna) i like store bokstavar som vart brukt på framsida «The Truth». MacKenzie sa til Dalglish: «Det veit du me ikkje kan gjera». Dalglish svarte: «Då kan eg ikkje hjelpe deg.»

Gransking og orsaking

Foto av inngangsparti på Hillsborough stadion
Skjerf og blomster ved ein av inngangsportane til Hillsborough stadion i etterkant av tragedien.
Foto av inngangsparti på Hillsborough stadion
Av /AP/NTB.

Den engelske dommaren Peter Taylor fekk i oppgåve å granske kva som hadde skjedd, og korleis ein kunne unngå at det skjedde igjen. Han konkluderte med at Liverpool-supporterane ikkje kunne skuldast, men at det derimot var politiet som ikkje hadde klart å kontrollere folkemengda.

Som ei følgje av Taylors rapport vart alle gjerde og ståplassar fjerna på stadiona i dei fire øvste divisjonane i England. Trass konklusjonane i Taylor-rapporten, meinte riksadvokaten at det ikkje var grunn til å ta ut tiltale mot nokon individ eller institusjonar.

I 1991 konkluderte òg ein coroner med at dødsfalla var ulykker. Dei etterletne prøvde i årevis å få saka teken opp att, men dei mislykkast fleire gonger. I 1997 konkluderte dommaren Murray Stuart-Smith med at det ikkje var grunnlag for å undersøke saka på nytt, og i 2000 mislykkast dei med sivile søksmål mot politimennene som hadde ansvaret den dagen.

Først i 2009 fekk dei etterletne etterlengta støtte, då innanriksminister Jacqui Smith kravde at alle dokument i saka vart offentleggjorde, og det vart oppretta eit uavhengig panel som skulle gå gjennom dei. I 2012 konkluderte Hillsborough Independent Panel med at ingen Liverpool-tilhengjarar hadde skuld i ulykka. Dei peika i staden på at politiet ikkje klarte å kontrollere folkemengda, og at så mange som 41 av dei omkomne kunne ha overlevd med betre koordinering blant nødpersonalet i etterkant.

Dei konkluderte òg med at styresmaktene hadde gjort forsøk på å dekkje til fakta og viste mellom anna til at 164 vitneutsegner hadde vorte endra.

Dåverande statsminister David Cameron gjekk med ein gong ut og beklaga, og det gjorde også politisjefen, leiaren i fotballforbundet og The Sun.

Hillsborough vart bygd om etter ulykka og stod ferdig i 1994.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg