Hans B. Skaset er ein norsk idrettsleiar og offentleg tenestemann. Skaset har ved sida av Rolf Hofmo vore ein av de mest sentrale leiarkikkelsane i norsk idrett etter 1945, og han har hatt leiarposisjonar innanfor både idrettsorganisasjonane og offentleg idrettsadministrasjon.
Skaset var professor ved Noregs idrettshøgskole i perioden 1975–1991 og ekspedisjonssjef i Idrettsavdelinga i Kulturdepartementet frå 1991 til 2000. Han var formann i Noregs friidrettsforbund i 1976–1983 og i Noregs idrettsforbund i 1984–1990.
Som idrettsutøvar vann han NM-gull i femkamp i 1961 og 1963 og i tikamp i 1960. Skaset sette norske rekordar i begge greiner. Han var forbundstrenar i friidrett i 1958–1964. Klubb: SK Freidig, Trondheim.
Som idrettsleiar la Skaset stor vekt på breiddeidrett, men arbeidde òg for toppidretten ved å opprette Prosjekt 88, som blei vidareført i Olympiatoppen og Toppidrettssenteret. Han var ein føregangsmann i anti-dopingarbeidet både i Noreg og internasjonalt. Som ekspedisjonssjef la han i 1992 fram den første stortingsmeldinga om idrett i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.