Guðmundur Böðvarsson

Faktaboks

Guðmundur Böðvarsson
Uttale
bˈøðvarsån
Født
1. september 1904, Hvítársíða i Borgarfjörður
Død
3. april 1974

Artikkelstart

Guðmundur Böðvarsson var ein islandsk lyrikar. Frå 1931 til 1959 var han bonde på heimgarden Kirkjuból, og 1959–1962 var han bibliotekar ved biblioteket i Hafnarfjörður.

Den tidlege lyrikken hans er prega av nyromantikk og er skriven i eit høgtidleg språk. Seinare blir dikta hans meir sosialt engasjerte, motiva meir realistiske og naturskildringane prega av ei jordnær haldning.

Han debuterte i 1936 med diktsamlinga Kyssti mig sól (Sola kyste meg), som fekk stor merksemd på Island. Blant dei viktigaste samlingane hans kan nemnast Kristallinn í hylnum (Krystallen i kulpen, 1952), Saltkorn í mold (1–2, 1962–65) og Innan hringsins (Innanfor ringen, 1969).

I dikta hans frå 1960-åra er det mange kampdikt mot militærmakt og den amerikanske militærbasen ved Keflavík.

Guðmundur Böðvarsson gav også ut brevromanen Dyr í vegginn (Dyr i veggen, 1958) og novellesamlinga Atreifur og aðrir fuglar (Atrevs og andre fuglar, 1971).

På norsk er han representert i Islandske dikt frå vårt hundreår ved Ivar Orgland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg