Gol nye stavkirke
Gol nye stavkirke
Av .

Gol nye stavkyrkje er ei nybygd stavkyrkje frå 1980-talet, vigsla i 1994, som ligg i Gol kommune, Hallingdal.

Den opphavlege stavkyrkja på Gol vart riven i 1884 og flytta til Bygdøy ved Oslo for å inngå som ein del av Oscar 2.s samling, seinare Norsk Folkemuseum. Med Borgund stavkyrkje som førebilete blei stavkyrkja frå Gol restaurert tilbake til ein anteke opphavleg utsjånad då han blei gjenreist på Bygdøy.

Gol nye stavkyrkje er ein kopi av den rekonstruerte Gol stavkyrkje som no står på Norsk Folkemuseum i Oslo. Medan den opphavlege stavkyrkja stod høgt og fritt oppe i fjellsida, vart kopien bygd i Gol sentrum, som ein del av Gordarike Familiepark.

Savjord stavkyrkje er òg kopi av Gol stavkyrkje.

Gol nye stavkirke
Gol nye stavkirke
Av .

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg