Savjord stavkirke
Savjord stavkirke
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Savjord stavkyrkje er ei nybygd stavkyrkje i Beiarn, Nordland.

Savjord stavkyrkje er ein kopi av den rekonstruerte Gol stavkyrkje som no står på Norsk Folkemuseum i Oslo. Den opphavlege stavkyrkja på Gol vart riven i 1884 og flytta til Bygdøy ved Oslo for å inngå som ein del av Oscar 2.s samling, seinare Norsk Folkemuseum. Med Borgund stavkyrkje som førebilete blei stavkyrkja frå Gol restaurert tilbake til det ein gjekk ut frå at var opphavleg utsjånad då han vart gjenreist på Bygdøy.

Både Gol nye stavkyrkje og Savjord stavkyrkje er kopiar av Gol stavkyrkje. Medan kopien på Gol har omtrent like mål som den opphavlege Gol stavkyrkje, er Savjord ein del mindre.

Savjord stavkyrkje er privateigd. Ho er bygd på eige initiativ av den pensjonerte snikkaren Magnus Stensland mellom 2005 og 2008, med tømmer frå eigen skog. I 2009 vart stavkyrkja godkjend til bruk ved vigslar av biskopen i Sør-Hålogaland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg