Giza
Sfinxen.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Giza-pyramidene

Giza var ein av hovudstadane i Det gamle Egypt. Giza ligg på vestbreidda av Nilen, nord for Memfis, og like sør for det moderne Kairo. Området er best kjend for dei store gravkompleksa sine, og var i bruk så tidleg som det første dynasti (2900–2730 fvt.). Giza nådde sitt absolutte høgdepunkt under det fjerde dynasti (2543–2436 fvt.), men mistar deretter gradvis posisjonen sin fram mot utgongen av det gamle riket (2543–2120 fvt.).

Gizaplatået delar seg i to veldefinerte grupper. Den første, som er størst og mest viktig, består av ni pyramidekompleks, med omliggjande felt av ikkje-kongelege gravkammer (mastabaer). Dei tre største og mest komplette kompleksa tilhøyrer faraoane Kheops (2509–2483 fvt.), Khefren (2472–2448 fvt.) og Menkaura (2447–2442 fvt.).

Pyramidekompleksa er bygd langs ein aust-vest akse. I vest, oppe på platået, står pyramiden med eit gravtempel på austsida. Frå gravtemplet gjekk det ein prosesjonsveg mot aust ned til elvebreidden, der komplekset munna i eit daltempel og ei hamn. I dette lågare området finn ein også Sfinksen.

På eit høgdedrag mot søraust, ligg den mindre viktige sørgruppa, som består av ei samling ikkje-kongelege graver. På flata nedanfor denne siste gruppa finn ein også spor etter ein arbeidarlandsby, samt delar av kongelege administrasjonsbygningar. Landsbyen har ein tydelig planlagt struktur, og har slik vakse fram i løpet av relativt kort tid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Baines, John, and Jaromír Málek, (1984). Atlas of Ancient Egypt. Oxford: Equinox.
  • Robins, Gay, (2007). The Art of Ancient Egypt. 2 ed. Cambridge: Harvard University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg