Giza ligg på vestbreidda av Nilen, nord for Memfis, en av hovedstadene i Det gamle Egypt, og like sør for det moderne Kairo. Området er best kjent for sine store gravkompleks, og var i bruk så tidlig som det første dynasti (2900-2730 fvt.). Giza når sitt absolutte høgdepunkt under det fjerde dynasti (2543-2436 fvt.), men mister deretter gradvis sin posisjon fram mot utgangen av det gamle riket (2543-2120 fvt.).   

Gizaplatået deler seg i to veldefinerte grupper. Den første, som er størst og mest viktig, består av ni pyramidekompleks, med omliggjande felt av ikkje-kongelege gravkammer (mastabaer). Dei tre største og mest komplette kompleksa tilhøyrer faraoane Kheops (2509-2483 fvt.), Khefren (2472-2448 fvt.) og Menkaura (2447-2442 fvt.).

Pyramidekompleksa er bygd langs ein aust-vest akse. I vest, oppe på platået, står pyramiden med eit gravtempel på austsida. Frå gravtemplet gjekk det ein prosesjonsveg mot aust ned til elvebreidden, der komplekset munna i eit daltempel og ei hamn. I dette lågare området finn ein også Sfinksen.

På eit høgdedrag mot søraust, ligg den mindre viktig sørgruppa, som består av ei samling ikkje-kongelege graver. På flata nedanfor denne siste gruppa finn ein også spor etter ein arbeidarlandsby, samt delar av kongelege administrasjonsbygningar. Landsbyen har ein tydelig planlagt struktur, og har slik vakse fram i løpet av relativt kort tid.

  • Baines, John, and Jaromír Málek, (1984). Atlas of Ancient Egypt. Oxford: Equinox.
  • Robins, Gay, (2007). The Art of Ancient Egypt. 2 ed. Cambridge: Harvard University Press.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.