Faktaboks

Også kjend som

Foldrøy (i Statistisk Sentralbyrås tettstedsfortegnelse), Folderøy i andre sammenhenger (Statens Kartverk)

Innbyggjartal
378 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
5047 Foldrøy

Folderøy er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 378 innbyggjarar (2023).

Foldarøy ligg på austsida av øya Bømlo, mellom Folderøyvatnet (1,4 moh.) og Stokksundet; sistnemnde skil øyane Bømlo og Stord. Nord i tettstaden ligg Folderøyhamn og like utanfor hamna ligg den ubebodde Folderøyholmen.

Namnet har usikker tolking. Det kan vere danna på grunnlag av eit bortkome namn på det breie Stokksundet, av norrønt Foldr, 'slette' eller 'flate'.

Kart

Folderøy
Folderøy
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Geir Thorsnæs

Artikkelen er oppdatert, men bør hete Folderøy. Denne skrivemåten er brukt på nyere kart, og ved revisjonen av artikkelen Bømlo er også skrivemåten Folderøy benyttet.Jeg har ikke greid å endre tittelen (får ikke opp den opsjonen for dette som er beskrevet i veiledningen) og ber derfor redaksjonen endre tittelen til Folderøy.Med hilsenGeir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg