Fjelldronning
Osten Fjelldronning
Fjelldronning

Fjelldronning er ein norsk kvitost frå Avdem gardsysteri i Lesja øvst i Gudbrandsdalen. Den er kittmogna og halvfast og er kompakt med kun einskilde små hol. Fargen er bleikgul. Osten har rik aroma og ein frisk, fruktig og nøtteaktig smak, avhengig av mogningstida.

Osten fekk tildelt Spesialitet-merket frå Stiftelsen Norsk Mat i 2014.

Produksjon

I ystinga vert det kun nytta rå kumjølk frå eigen buskap.

Osten vert mogna på granhyller i minst fire månader, vaska med saltvatn og snudd kvar dag dei to fyrste vekene, deretter kvar tredje dag i resten av mogningstida. Vasking med saltvatn gjer at raudkitt (Brevibacterium linens) utviklar seg naturleg på osteskorpa og gir ein karakteristisk oransjegul farge.

Ein vellagra variant vert mogna i minst åtte månader.

Osten har form av eit hjul med diameter på 25 cm, har ei høgd på åtte til ni cm og veg omlag fire kilo.

Namnet

Grunnen til at osten har same namn som planta fjelldronning (også kalla bergfrue), er eit ynskje frå produsenten om å heidre seterbudeiene som har vore viktige i utviklinga av ystetradisjonane her i landet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg