CPT-teoremet er eit fundamentalt teorem i moderne (kvante-)feltteori. Teoremet seier at alle vekselvirkningane (kreftene) i naturen er, under visse føresetnader, symmetriske under kombinert C, P, og T-symmetri.

Bokstaven C står for ladningssymmetri, det vil seie at vekselvirkningane for dei involverte partiklane er symmetriske når partiklane bytast ut med dei tilsvarande antipartiklane (engelsk: Charge conjugation, C). P står for paritetssymmetri, eller speilingssymmetri, det vil seie at vekselvirkningane er symmetriske når alle posisjonsvektorane og fartsvektorane vert snudde. T-symmetri (eller tidsreversjonssymmetri) tyder at vekselvirkningane for systemet er symmetriske når tidsretninga vert snudd.

Føretsetnadene for teoremet er :

  1. at teorien er i samsvar med relativitetsteorien (teknisk sett: han er invariant under Lorentz-transformasjonar)
  2. at vekselvirkningane er gjevne ved lokal feltteori (det vil seie at dei er gjevne i eit rom-tid-punkt)
  3. at energiane ein kan måle for systemet er gjevne ved reelle tal (teknisk sett: vekselvirkningane er gjevne ved ein hermittisk Hamilton-operator)

Moderne kvantefeltteoriar for elementærpartikkelfysikk tilfredsstiller desse krava. CPT-symmetri impliserer at ein antipartikkel har same masse som den tilsvarande partikkelen. Dette er testa eksperimentelt med stor presisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg