Are Helseth

Faktaboks

Are Helseth
Født
11. januar 1955, Oslo
Oppvaksen i Bærum
Av /Stortinget.

Artikkelstart

Are Helseth er ein norsk lege og tidlegare 1. vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet frå Akershus. Han møtte fast på Stortinget i 2009-2013.

Bakgrunn

Are Helseth er fødd i Oslo og voks opp i Bærum i Akershus (no Viken). Han gjekk på Valler gymnas i 1971–1974 og studerte medisin ved Universitetet i Oslo i 1975–1981. Han var stipendiat for Kreftforeningen ved University of North Carolina og tok doktorgrad ved Universitetet i Bergen i 1989 med ei avhandling om sentralnervesystemet. Han er spesialist i patologi og generell kirurgi.

Karriere

Helseth har vore overlege (1997–1998) og sjefslege (1998–2000) ved Bærum sykehus. Seinare har han vore helse- og sosialdirektør i Akershus fylkeskommune (2000–2001), viseadministrerande direktør for Helse Aust RHF (2001–2003), administrerande direktør ved Akershus universitetssjukehus (2003–2005) og strategirådgivar i Helse Aust RHF (2005–2006). Han var prosjektdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet i 2006, administrerande direktør ved Fürst Medisinsk Laboratorium i 2007–2009.

Politisk karriere

Helseth var vararepresentant til Stortinget frå 2009 til 2017 og var fast møtande vararepresentant for Akershus frå 2009 til 2013 for Anniken Huitfeldt. Han var valkampleiar for Arbeidarpartiet i Bærum i 2005, revisor i 2007–2008, medlem av styret i Bærum Arbeiderparti i 2006–2007 og styret i Lommedalen/Bærums Verk Arbeiderparti frå 2008.

Helseth var saksordførar for samhandlingsreforma i 2010. Dei viktigaste politiske sakene hans har mellom anna vore rusomsorg.

Utgjevingar

Han har gitt ut A population-based survey of neoplasms of the central nervous system in Norway (1989), basert på doktoravhandlinga, og Kirurgi i allmennpraksis (1996) saman med Frode Samdal.

Verv

Helseth var leiar i styret for Helset Legesenter AS i 1996–2000 og er leiar i styret for Maikens Minnefond frå 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg