Faktaboks

Ann-Helen Fjeldstad Jusnes
Fødd
21. juli 1956, Harestua, Oppland
Ann-Helen Fjeldstad Jusnes

Ann-Helen Fjeldstad Jusnes er ein norsk teolog og biskop. Ho var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme frå 2016 til 2023.

Jusnes er cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet i 1983. Ho var sokneprest i Flakstad i Lofoten frå 1984 til 1990, kapellan i Vinger frå 1990 til 1992, sokneprest i Flakstad frå 1992 til 2007 og prost i Lofoten prosti frå 2007 til 2015. Ho var biskop i Sør-Hålogaland bispedømme i åra 2016–2023.

Jusnes var leiar i Norsk Kvinnelig Teologforening i 2005–2009 og styreleiar i Nord-Norges diakonistiftelse i 2009–2013. Ho var ordførar i Flakstad kommune for Arbeidarpartiet frå 2005 til 2007.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg