Andrea Nahles, tysk politikar (SPD). Tidlegare generalsekretær. Arbeids- og sosialminister sidan desember 2013.
Andrea Nahles
Faktaboks
- Født
- 20. juni 1970, Mendig

Bakgrunn
Nahles voks opp i ein katolsk familie ved byen Koblenz i delstaten Rheinland-Pfalz. Ho har studert politikk, germanistikk og filosofi ved Friedrich-Wilhelms Universitetet i Bonn. I 2004 fekk ho ei doktorgradsstilling i germanistikk ved same universitet, men ho la vekk doktorgraden då ho vart vald inn i forbundsdagen att i 2005. Nahles er gift, har ei dotter og er busett på ein gard i Koblenz-området. Garden har vore i familien hennar i fleire generasjonar.
Politisk karriere
Ho melde seg inn i partiet då ho var 18 år. Frå 1995-1999 var ho leiar for den sosialdemokratiske ungdomsorganisasjonen Jusos. I 1998 vart ho for første gong vald inn i forbundsdagen. Ved valet i 2002 mista ho plassen, men ho vart vald inn att i 2005. Etter at SPD gjorde eit dårleg val i 2009 vart Nahles vald til generalsekretær i partiet. Denne posisjonen hadde ho fram til ho vart utnemnd til arbeids- og sosialminister i desember 2013.
Politiske standpunkt
Nahles går for å høyre til SPDs venstrefløy. I Gerhard Schröders regjeringstid var ho partiets aller skarpaste kritikar av Schröders arbeidslivs- og sosialpolitikk. Nahles er medlem av fagforeininga IG Metall og av Attac.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.