Jusos

Ungdomsorganisasjonen til det tyske sosialdemokratiske partiet SPD. Det fulle namnet på organisasjonen er Die Arbeitsgemeinschaft der Jungsozialistinnen und Jungsozialisten in der SPD. Som regel blir avkortinga Jusos eller Jungsozialisten brukt. Alle SPD-medlemer under 35 er automatisk medlem av Jusos. Det er også mogleg å vere direktemedlem i Jusos, utan å samstundes vere medlem av SPD.

Historie

Den første organiseringa av unge sosialdemokratar fann stad i partiet alt tidleg på 1900-talet. Organisasjonen vart forbode under Hitler og vart grunnlagt på nytt i etter den andre verdskrigen i 1946.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg