Ågotnes

Artikkelstart

Ågotnes er ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,3 km², og har 3602 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
3602 (SSB, 2021)
Landareal
3,3 km²
Tettstedsnummer
5199 Ågotnes

Ågotnes er ein industristad og ligg på nordre del av Sotra. Tettstaden omfattar dei tidlegare tettstadene Ågotnes og Vindenes på austsida av Sotra og Sollsvik på vestsida; desse er vokst saman og er av Statistisk sentralbyrå frå 2013 definert som ein tettstad, Ågotnes.

Ågotnes har basar for oljeutvinning i Nordsjøen og avdeling av Norske Veritas. Landro kyrkje, som ligg mellom Ågotnes og Sollsvik, er frå 1977. Idrettspark i Ågotnes.

Namnet kjem av kvinnenavnet Ågot, norrønt Ágáta, og nes.

Kart

Ågotnes
Ågotnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg