Á,á, er eit gamalislandsk teikn for lang a.

Vokalen utvikla seg tidleg til å og seinare til diftongen ao, som er moderne islandsk uttale.

I færøysk blir bokstaven uttalt vanlegvis åa [ɔa] når ho er lang og å [ɔ] når ho er kort.

I norsk område er á sjeldnare; oftast blir skrive a eller aa, som omkring 1300 fekk uttala å, i enkelte målføre ao. I normaliserte, moderne utgåver av norrøne verk skriv ein á, som i Noreg blir uttalte å. Nokre få nynorsk-forfattarar bruker á for å (eller aa).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg