Norsk Landboeblad var ei avis som vart gitt ut på Ekset i Volda frå 1810 til 1816 av lensmann Sivert Aarflot. Avisa vart trykt på eiga presse.

Norsk Landboeblad var Noregs første bygdeblad, og den første avisa i Noreg som gjorde bruk av illustrasjonar i teksten. Ein gjorde stoffet meir levande ved hjelp av tresnitt, skårne av eigne folk i bygda.

Avisa blei starten på ei rekkje aviser som med ujamne mellomrom blei gitt ut av Aarflot-familien på Ekset: Landboeavisen, Postbudet, Ugebladet og Møre, som starta i 1903 og framleis vert gitt ut.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg