Vinnebbtukan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Vinnebbtukan er ein fugl i tukanfamilien og ein av dei største spettefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphastos tucanus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1758)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 700 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland, mangroveskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Vinnebbtukan lever i hovudsak av frukt, virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han finn i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

vinnebbtukan
Ramphastos tucanus
Artsdatabanken-ID
178156

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg