Topperleskjeggfugl er ein middels stor spettefugl i afrikaskjeggfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Trachyphonus vaillantii
- Beskriven av
- Ranzani, 1821
Som vaksen er fuglen ca. 22 cm lang og veg rundt 69 gram.
Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk buskmark og plantasjar. Topperleskjeggfugl lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.