Svartstrupemaurrikse
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svartstrupemaurrikse er ein stor sporvefugl i maurriksefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Formicarius analis
Beskriven av
(d'Orbigny & Lafresnaye, 1837)

Som vaksen veg fuglen rundt 62 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog og tropisk fjellskog. Svartstrupemaurrikse lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 20 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartstrupemaurrikse
Formicarius analis
Artsdatabanken-ID
179514

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg