Sulaovnhøne er ein middels stor hønsefugl i ovnhønsfamilien og har naturleg utbreiing i Indonesia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Megapodius bernsteinii
Beskriven av
Schlegel, 1866

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 750 gram og hofuglane rundt 930 gram.

Arten er knytt til sterkt endra tropisk skog, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog, tørr savanne og fuktig tropisk buskmark. Sulaovnhøne lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 77 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sulaovnhøne
Megapodius bernsteinii
Artsdatabanken-ID
174340

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg