Stripediamantfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Stripediamantfugl er ein liten sporvefugl i diamantfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Australia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pardalotus striatus
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Som vaksen veg fuglen rundt 12 gram.

Arten er knytt til fleire ulike habitat, mellom anna temperert skog, temperert buskmark, jordbruksland, urbane område, og tørr og fuktig tropisk skog. Stripediamantfugl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i tre og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 15 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag fire veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

stripediamantfugl
Pardalotus striatus
Artsdatabanken-ID
180974

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg