Storhaletrupial
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 2.0

Storhaletrupial er ein stor sporvefugl i trupialfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Nord- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Quiscalus mexicanus
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1788)

Vaksne hannar veg rundt 220 gram og hofuglane rundt 120 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, og mangroveskog. Storhaletrupial lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Storhaletrupial lever vanlegvis i rundt tolv år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

storhaletrupial
Quiscalus mexicanus
Artsdatabanken-ID
185719

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg