Smekkemaurfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Smekkemaurfugl er ein middels stor sporvefugl i maurfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Myrmeciza longipes
Beskriven av
(Swainson, 1825)

Som vaksen veg fuglen rundt 25 gram.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, plantasjar og tørr savanne. Smekkemaurfugl lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

smekkemaurfugl
Myrmeciza longipes
Artsdatabanken-ID
179301

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg