Smalnebbkråke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Smalnebbkråke er ein fugl i kråkefamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Corvus capensis
Beskriven av
Lichtenstein, MHK, 1823

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 610 gram og hofuglane rundt 520 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, tørr savanne, tørr tropisk buskmark, overfløymd og høgtliggjande tropisk grasmark, og ulike våtmarkshabitat. Smalnebbkråke er i stor grad altetande og lever mellom anna av virvellause dyr (invertebratar), frø og plantedelar som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

smalnebbkråke
Corvus capensis
Artsdatabanken-ID
181920

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg